Er du lei av tidsklemma og rushtrafikk?
I Hardanger kan du og familien din leva eit sunt og aktivt liv med fjord, fjell og foss som næraste nabo.
Her har me trygge oppvekstvilkår, meir plass og lågare bustadprisar enn i storbyen .
Me i ”Flytt til Hardanger” hjelper deg og din familie til å realisera draumen. Arbeid? Husvære? Barnehageplass? Usikker på kvar du skal starta?
Ta ein telefon eller send ein e–post og gje oss sjansen til å omsetja slagordet vårt i praksis; ”Ja, det ordnar me”.
Velkommen til Hardanger!


 
Nyhende
Me bur i Hardanger
Her møter du personar som bur i Hardanger. Dei vil fortelja kva utdanning dei har, kva dei arbeider med og kvifor dei bur der dei gjer