|
OM PROSJEKTET (Project information in Norwegian only) Hordaland fylkeskommune har i lag med Hardangerkommunane starta eit større prosjekt som heiter ”Flytt til Hardanger”. Hardangerkommunane omfattar Kvam, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda og Jondal. Prosjektet starta mai 2007 og vert avslutta mai 2010. Visjonen for prosjektet er: ”Fruktbare Hardanger er eit naturleg førsteval å bu i og flytta til fordi det er ein region med trivnad, opplevingar og utfordringar – ein utviklande region.” Hovudmålet er å marknadsføra regionen sine tilbod og kvalitetar, og på den måten oppnå ein positiv flyttestraum, eller som ein Harding sa: ”Fokuset er å få folk til å busetja seg i ein region som resten av verda vil feriera i”. Me har eit godt utgangspunkt. Det er utvikla ein ”Strategi- og handlingsplan for Hardanger”. Det er den overordna planen for alt arbeid som vert utført i regi av ”Flytt til Hardanger”, planen definerer rammer og fokusområde. Prosjektet er organisert i 10 grupper: Det overordna organet er Styringsgruppa som vedtar overordna planar og disponering av midlar. Prosjektgruppa er eit utspring frå styringsgruppa og fungerer som eit diskusjonsforum for prosjektleiar. Det praktiske arbeidet er organisert i 8 delprosjekt. På nokre av delprosjekta er det leigd inn eksterne delprosjektleiarar. Dei 8 delprosjekta er: Kommunegruppa, marknadsføringsgruppa, databasegruppa, Placementgruppa, næringslivsgruppa, Hardangerlokkgruppa, grunnskulegruppa og fylkesgruppa. Det er utvikla eit slagord for prosjektet og Hardanger: ”Ja, det ordnar me!”. Dette skal vera eit kjenneteikn ved det arbeidet me gjer i prosjektet og rundtom i Hardangerkommunane. Det er mykje god aktivitet i prosjektet og mange dyktige personar som gjer ein flott arbeidsinnsats for at Hardanger skal strekkja seg mot visjonen! Om du ynskjer meir detaljert informasjon om prosjektet kan du klikka deg inn på dei ulike gruppene og delprosjekta. |